Fjordportalen verdsarvsenter

Besøks- og formidlingssenter for
Vestnorsk fjordlandskap og Nærøyfjorden verdsarvområde.

Font

Bakgrunn

Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i juli 2005 som Norge sin fyrste og til no einaste naturarv.

Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda.

Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.    

UNESCO si skildring av Verdsarvverdiane i Nærøyfjorden.

Arbeidet med å etablere Fjordportalen verdsarvsenter går inn i ein aktiv fase.

Etter år med breitt forankra kunnskapsbaserte prosessar har partane samla seg om å byggje om Aurland kjøle og fruktlager til eit moderne verdsarvsenter. I 2023 vert det søkt om finansiering, i 2024 skal ombygginga detaljprosjekterast og byggjestart er fastsett til 2025.

Busetnad og menneskeleg aktivitet i før- og notid tilfører naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og forsterkar statusen.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er skipa kring verdsarven Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden.

Parken er eit verktøy for å sameine vern og aktiv næringsutvikling, og inkluderer fjordar og dalar i verdsarvkommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss.

Sentralt i denne satsinga er etablering av eit senter for Verdsarvparken, som no er klar for realisering.

I samsvar med grunntanken i verdsarvkonseptet og FN sine berekraftsmål skal Fjordportalen AS, eigd av Nærøyfjorden verdsarvpark og Aurland kjøle- og fruktlager, byggje om eksisterande bygg basert på ombruk og sirkulærøkonomi.

På ei tre dekar fantastisk sjøtomt skal verdsarvsenteret innehalde autorisert Verdsarvsenter med besøkssenter, basis- og temautstillingar om UNESCO og verdsarv, areal for kultur, - for lokale næringar og kontorfellesskap for grøne kompetansemiljø og naturforvaltning.

Verdsarvsenteret stør opp om eit berekraftig og nyskapande Vestland, og alle hovudmåla i Utviklingsplan Vestland.

Visjonen er å formidle verdsarvverdiane og samstundes styrke det natur- og kulturbaserte næringsmiljøet i verdsarvområdet.

Spegle

verdsarven i Nærøyfjordområdet

Verdsarvsenteret for Nærøyfjordområdet vil bygge stoltheit lokalt og inspirere gjestene til å utforske fjord, fjell, kulturlandskap og matopplevingar i området. Både utandørs og over to heile etasjar vil besøkande bli kjent med verdsarven gjennom interaktive utstillingar og opplevingar. Her vil vere rom for foredrag, konferansar, kulturarrangement, temakveldar, kurs og seminar. Fjordportalen ønsker samarbeid med andre besøkssenter og institusjonar som t.d. museum, vitensentre og forskningssentre.

Korleis

Verdsarvsenteret for Nærøyfjordområdet og Fjordportalen vil vere ein stad der akademiske miljø, forskningsinstitusjonar og skular nyttar omgjevnadene til forskings- og læringsformål. Andre gjester er innbyggjarar i lokalsamfunnet, barnefamiliar og tilreisande frå inn- og utland med som søkjer unike naturopplevingar, måltidsopplevingar og spennande attraksjonar.

Kven

Verdsarven vert levande gjennom bruken av Fjordportalen. Fjordportalen skal vere eit hus for kunnskap og kompetanse om natur- og kulturlandskapet. Vi vil skape eit verdsarvsenter for alle som søkjer opplevingar og innsikt om kultur- og naturverdiane i området. Aktivitetar hjå Fjordportalen skal byggje på kunnskap og vere utspring til ny kunnskap. Formidlinga av natur- og kulturarven vil støtte opp under og styrke identiteten som verdsarvstad.

Ambisjon

Skape

ny næring og nye arbeidsplassar

Fjordportalen vil bli ein kunnskapshub og eit forvaltningsknutepunkt, der samtalar ut over eigne interesser kan finne stad og skape nye idear. Øvste etasje vil bli eit kontorlandskap, der aktørar frå offentleg og privat sektor, ideelle organisasjonar, næringsliv, gründerar og studentar kan finne plass. Landskapet vil vere ein blanding av cellekontor, kontorfellesskap, møterom og sosial sone.

Korleis

Ein variert leigetakarmiks skal gi grunnlag for synergiar. I tillegg til besøkssenteret og kafe/ restaurant kan aktuelle leigetakarar vere

Verdsarvstiftinga, verneområde-forvaltar, Aurland fjellstyre, Sogn Jord og Hagebruksskule, Sognefjord Næringshage, og kontor til remote work, m.fl. Senteret ønskjer samarbeid med andre verdsarv-senter, og med institusjonar som musum, vitensentre, forsknings-sentre akademia og forvaltning, destinasjonsselskap og lokalt næringsliv. Bygget er prosjektert slik at andre enn leigetakarane kan bruke bygget til samlingar og aktivitetar.

Kven

Fjordportal skal bidra til utvikling av lokale verksemder, nye arbeidsplassar og vil ta ei aktiv rolle i å fremje lokalt reiseliv, næringsliv og inspirere til nyskaping gjennom sine aktivitetar. På den måten vil Fjordportalen ha betydning for lokalog regionaløkonomien.

Ambisjon

Bygget og tomta

Utvikling i prosjektarbeidet speglar grunntanken i verdsarven og FN sine berekraftsmål. Fyrst var planen eit storslått nybygg på tomta. Prosessen enda opp med eit prosjekt basert på ombruk og sirkulærøkonomi.

Land lot, Urban design, Ecoregion, Map, Slope

Aurland kjøle- og fruktlager SA, er noverande eigar av bygget frå 1956. Selskapet driv i dag omsetning av landbruksrelaterte varer, med lager og utsal. Dei har i lengre tid hatt planar om å erstatte bygningen med noko nytt og vil vidareføre sin aktivitet i nytt bygg.

Odden 15, som er adressa, består av to tomter, begge eigd av Aurlandsvangen Sokneallmenning. Desse er bortfesta til Aurland Kjøle- og Fruktlager SA og Aurland kommune.

Tomta ligg til kai/sjø, gjestestraum er allereie etablert via fjorden, verdsarvområdet er godt synleg og ligg midt i kommunesenteret. Bygget og området rundt har stort utviklingspotensial til å skape møteplassar for både besøkjande og innbyggjarar.

Aurland kjøle- og fruktlager SA, er noverande eigar av bygget frå 1956.

Selskapet driv i dag omsetning av landbruksrelaterte varer, med lager og utsal. Dei har i lengre tid hatt planar om å erstatte bygningen med noko nytt og vil vidareføre sin aktivitet i nytt bygg.

Land lot, Urban design, Ecoregion, Map, Slope

Bygget og tomta

Odden 15, som er adressa, består av to tomter, begge eigd av Aurlandsvangen Sokneallmenning. Desse er bortfesta til Aurland Kjøle- og Fruktlager SA og Aurland kommune.

Tomta ligg til kai/sjø, gjestestraum er allereie etablert via fjorden, verdsarvområdet er godt synleg og ligg midt i kommunesenteret. Bygget og området rundt har stort utviklingspotensial til å skape møteplassar for både besøkjande og innbyggjarar.

Utvikling i prosjektarbeidet speglar grunntanken i verdsarven og FN sine berekraftsmål. Fyrst var planen eit storslått nybygg på tomta. Prosessen enda opp med eit prosjekt basert på ombruk og sirkulærøkonomi.

Utvikling i prosjektarbeidet speglar grunntanken i verdsarven og FN sine berekraftsmål. Fyrst var planen eit storslått nybygg på tomta. Prosessen enda opp med eit prosjekt basert på ombruk og sirkulærøkonomi.

i tilbygg

Funksjonar

eksisterande bygg

Funksjonar fordelt i

i tilbygg

Funksjonar

Slope, Rectangle, Font

Tilbygget vil bidra til å skape ei vertikal binding mellom etasjane og dei ulike aktørane i bygget.

Det vil også styrke ein fleirfunksjonell sirkulasjon, både internt i bygget og på utsida av bygget, som vil gje betre brukarvenlegheit for både besøkjande og dei tilsette.

i glas og tre

Klimaskjerm

i glas og tre

Klimaskjerm

Building, House, Rectangle, Slope

i eksisterande bygg

Funksjonar fordelt

Rectangle

Det ombygde eksisterande bygget vil så få ein klimaskjerm i glas og tre, som dannar nye ute og inne rom. Glaskonstruksjonen er planlagt å kunna vera fleksibel, og vil i tilfelle kunne opnast opp både på bakkeplan og kaféplan.

Kontakt frå eksisterande bygg mot naturen utanfor og av verdsarvfjorden innanfor, var to viktige faktorar for å etablera glas som ein transparent klimaskjerm. I vidare prosjektering må ein vurdere korleis ein best løyser forhold knytt til utfordringar med fugl og lysureining. Det finns i dag fleire løysingar som sikrar begge utfordringar, og som må ivaretakast.

Packaging and labeling, Plant, Rectangle, Slope, Box

Bygget vil få nye funksjonar fordelt horisontalt slik:

- På bakkeplan: Samvirke med publikumsrelatert verksemd og toalettfasilitetar

- 1. og 2. etasje: Utstilling og verdsarvsenter, kafé

- Loft: Kontor/forvaltningsknutepunkt

Innhald i verdsarvsenteret

Verdsarvsenteret vil innehalde besøkssenter, basis- og temautstillingar, om UNESCO og verdsarv, areal for kultur, - for lokale næringar, kontorfellesskap for grøne kompetansemiljø og naturforvaltning. Slik vert dette ein møteplass for elevar, studerande, besøkjande, bygdefolk og dei som forvaltar og driv naturbasert næring. 

Konseptet kan samanfattast slik, teikna av Mad arkitekter:

Sokkeletasje
I underetasjen finn ein toalett, inngang frå kaia, lager og tekniske rom. Ei butikkløysing i kombinasjon med utsal av lokale produkt er ein naturleg utvikling av Aurland Kjøle- og Fruktlager. Dei vil også ha eigen lagerfunksjon for si drift. All aktivitet på bakkeplan vera i samsvar med heilskapen i verdsarvsenteret. Døme på samarbeidspartnarar kan vera er: SAKTE, Aurland Bondelag, Sognalam, Lærdal Grønt, Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Første etasje
Inngangsparti, startpunkt, to basisutstillingar og kafé. Trapp og heis til både til sokkeletasje underetasje og etasjane over.
Andre etasje
Denne etasjen vil vera fleksibel: Oppe til venstre: «Fleksibel» 54 m2 til utstilling, 85+54,1 m2 til Workshop, og 67 stolar . Oppe til høgre: Brukt som utstillingsrom . Nede til venstre: Kino, føredrag/formidling, 134 plassar med dette stoloppsettet . Nede til høgre: oppsett for event/fest dekka opp til 104 personar.
Loft
Loftsetasjen er kontorfellesskap for grøne kompetansemiljø og naturforvaltning. I tillegg vil det vere plass til Nærøyfjorden Verdsarvpark sin stab og tilsette i verdsarvsenteret.
Sokkeletasje
I underetasjen har ein inngang frå kaia, toalett, lager og tekniske rom. Ei butikkløysing i kombinasjon med utsal av lokale produkt er ein naturleg utvikling av Aurland Kjøle- og Fruktlager. Dei vil også ha eigen lagerfunksjon for si drift. All aktivitet på bakkeplan skal stø opp om heilskapen i verdsarvsenteret. Døme på aktuelle samarbeidspartnarar: SAKTE, Aurland Bondelag, Sognalam, Sogn Frukt og Grønt, Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Første etasje
Inngangsparti, startpunkt, besøkssenter, to basisutstillingar og kafé. Trapp og heis til sokkeletasje/underetasje og etasjane over.
Andre etasje
Denne etasjen kan nyttast til fleire føremål: Oppe til venstre: «Fleksibel» 54 m2 til utstilling, 85+54,1 m2 til Workshop, og 67 stolar . Oppe til høgre: Brukt som utstillingsrom. Nede til venstre: Kino, føredrag/formidling, 134 plassar med dette stoloppsettet. Nede til høgre: oppsett for event/fest dekka opp til 104 personar.
Loft
Loftsetasjen er kontorfellesskap for grøne kompetansemiljø og naturforvaltning, mellom desse Nærøyfjorden Verdsarvpark sin stab og tilsette i verdsarvsenteret.

Verdsarvsenteret skal vere ein møteplass for:

Tilreisande
Besøkjande til senteret, til kafé, butikk for kortreiste produkt , eller berre opphald.
Lokalbefolking
Besøkjande til senteret, til kafé, butikk for kortreiste produkt , eller berre opphald.
Lokalt formidlingsorgan
Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Kontorfellesskap
Aktuelle leigetakarar: Verneområdeforvaltar, Statens Naturoppsyn og Aurland Fjellstyre.
Bønder
Bestilling av innsatsmidlar, og sal av lokale sluttprodukt.

Fjordportalen blir ein ny måte å tenkje verdsarvsenter på, der ein koplar eksisterande lokale ressursar saman med ei tydeleg formidling av verdsarvverdiane.

Senteret skal vera eit velfungerande og dynamisk verdsarvsenter, tufta på UNESCO sine verdiar og FN sine berekraftsmål. Dette skal vera nervesenteret i arbeidet med formidling av verdsarven for Nærøyfjordområdet. Senteret skal hauste synergiar gjennom drift av Verdsarvsenteret og vera eit campus for det grøne kompetansemiljøet, som held til i kontordelen.

Besøkssenteret har solid lokal forankring. Over 100 luteigarar i Aurland Kjøle- og fruktlager SA går saman med stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark, med sine over 75 partnarar og skipar Fjordportalen AS til å byggje og drifte senteret. Slik vil ein organisatorisk sikre at senteret vert eit verktøy for å oppnå dialog, læring og samhandling mellom partnarar, bygdefolket, landbruk, næringsliv, frivillige organisasjonar og forvaltninga i området.

Ein ny måte å tenkje verdsarvsenter på

Slope, Rectangle, Font

Tilbygget vil bidra til å skape ei vertikal binding mellom etasjane og dei ulike aktørane i bygget. Tilbygget vil også styrke ein fleirfunksjonell sirkulasjon, både internt i bygget og på utsida av bygget, som vil gje betre brukarvenlegheit for både besøkjande og dei tilsette.

Packaging and labeling, Plant, Rectangle, Slope, Box

Eksisterande bygg vil få nye funksjonar fordelt horisontalt oppover med samvirket med publikumsrelatert verksemd og toalettfasilitetar på bakkeplan, utstilling og verdsarvsenter i 1. etg og 2. etg og forvaltningsknytepunktet i loftsetasjen.

Ein ny måte å tenkje verdsarvsenter på

Fjordportalen blir ein ny måte å tenkje verdsarvsenter på, der ein koplar eksisterande lokale ressursar saman med ei tydeleg formidling av verdsarvverdiane.

Verdsarvsenteret skal vere ein møteplass for:

Senteret skal vera eit velfungerande og dynamisk verdsarvsenter, tufta på UNESCO sine verdiar og FN sine berekraftsmål. Dette skal vera nervesenteret i arbeidet med formidling av verdsarven for Nærøyfjordområdet. Senteret skal hauste synergiar gjennom drift av Verdsarvsenteret og vera eit campus for det grøne kompetansemiljøet, som held til i kontordelen.

Besøkssenteret har solid lokal forankring. Over 100 luteigarar i Aurland Kjøle- og fruktlager SA går saman med stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark, med sine over 75 partnarar og skipar Fjordportalen AS til å byggje og drifte senteret. Slik vil ein organisatorisk sikre at senteret vert eit verktøy for å oppnå dialog, læring og samhandling mellom partnarar, bygdefolket, landbruk, næringsliv, frivillige organisasjonar og forvaltninga i området.

Lokale
Besøkjande til senteret, kafè, lokalmatbutikk, eller opphald..
Tilreisande
Besøkjande til senteret, kafè, lokalmatbutikk, eller opphald.
Lokale bønder
Bestilling av innsatsmidlar, og sal av lokalt sluttprodukt.
Forvaltning
Verneområdeforvaltar, Statens Naturoppsyn og Aurland Fjellstyre..
Lokalt formidlingsorgan
Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Energi og miljø

Utviklinga i forprosjektet speglar grunntanken i verdsarven og FN sine berekraftsmål. Fyrst var planen eit storslått nybygg på tomta. Prosessen enda opp med eit prosjekt basert på ombruk og sirkulærøkonomi.

Då Multiconsult konkluderte med at eksisterande bygg var meir enn godt nok til å renoverast og vidareutviklast, miljømessig og økonomisk, gitt at ein planlegg rett, var valet klårt.

Endelege energiløysingar skal avklarast i detaljprosjekteringa; fjordvarme, kombinert med solfangar og solceller, varmesentral (flis, varmepumpe), hybrid ventilasjon og moderne teknologistyring skal vurderast . ENOVA vil vere ein naturleg samarbeidspartnar. Målet er at prosjektet skal få eit positivt klimarekneskap.

Font
Triangle, Font
Goggles, Azure, Sleeve, Font, Aqua
Font
Font
Font

Fjordportalen verdsarvsenter treff fleire av berekraftmåla ved å bruke eksisterande bygg, framfor å rive.

Bygget tek i bruk kjente og innovative energiløysingar som fjordvarme, solvarme, naturleg ventilasjon (oppdrift) og ei blanding av høgteknologi og lågteknologiske løysingar for å skape eit velfungerande senter.

Samstundes har ein eit eksisterande samvirke av naturbasert næring i botn, som vil fungere som ei drivkraft for lokale bønder, lokalt handverk og småskala produksjon og utsal.

Water resources, Sky, Mountain, Cloud, Highland, Lake, Bank

Vegen vidare

Hovudaktivitet i 2023
- Finansiering og delprosjektering av bygg.
- Gjennomføring av ei konseptvalvurdering (KVU):
o Ombygging kan vera krevjande. Uvisse punkt er fleire enn ved nybygg. Fjordportalen ynskjer difor å gjennomføre ein alternativ gjennomgang av kalkylegrunnlaget for å kvalitetssikre prosjektet. Dette arbeidet skal gjennomgå uklare punkt, vurdere korleis ein best reduserer energibruk og utslepp, vurdere korleis ein kan redusere kostnader, tilrå entreprisemodell og utarbeide anbodsgrunnlag for detaljprosjektering.
- Arbeid med autorisasjon.
Hovudaktivitet 2024
- Detaljprosjektering
- Søknad om autorisasjon og nasjonal finansiering
Hovudaktivitet 2025
- Byggjestart